Distribuert tracing i ID-porten med OpenTelemetry

Lightning talk 🚀

-

Norwegian 🇳🇴

-

06 Wednesday, 10:20 – 10:40 AM

Length: 20 minutes

Room: Room 2

Abstract

Standardisert sporing på tvers av java applikasjonar med minimalt vedlikehold? Møt opp her. Me fortel kort om kva distribuert tracing er og w3c standarden for trace context med døme frå ny arkitektur i ID-porten. Me har skrive om ID-porten frå monolitt til microservice arkitektur og me måtte ha tracing. Fokuset vil vera på korleis me teknisk løyste dette med OpenTelemetry og ulike hinder på vegen. Du vil høyre om OpenTelemetry java-agent og korleis ein applikasjon importerer denne via OpenTelemetry operator for Kubernetes. Her får du eit godt utgongspunkt for å ta i bruk tracing i dag, frå javakode til køyrande applikasjon i Kubernetes.

Day & time

06 Wednesday, 10:20 – 10:40 AM

Intended audience

Utviklar, Ops

  • Randi Øyri

    Randi jobbar med ID-porten i Digdir og har vore utviklar i snart fleire ti-år. Har drive med logging og sporing sporadisk med ulike verktøy og teknologiar i mange år, men vil eigentleg berre at det skal funke fint og vera enkelt å bruke!

  • Bjørn-Erik Strand

    Bjørn-Erik brenn for å sjå smilande utviklarar i friksjonslaus samhandling med teknologi og prosess. Har jobba med dette som mål i snart 10 år. Mest erfaring fra operations via Evry, men no litt tettare på utvikling via plattformteam i Digdir.